|
Einingsleiar sitt arkivansvar: Einingsleiar har personalansvar og ansvar for å melde frå til arkivtenesta ved langvarig fråver hos sakshandsamarar. Einingsleiar har ansvar for å halde oversyn med restanser i eiga avdeling og syte for at sakshandsamar har dei naudsynte ressursar til å utføre oppgåvene sine. Einingsleiar skal godkjenne og signere vedtak i si avdeling, eller delegere dette til andre. Leiaren for administrative einingar i Luster kommune som fungerer som eigne arkivskaparar, er delegert det løpande ansvaret for arkivarbeidet i sine einingar. Dette gjeld desse einingane: Skulane, barnehagane, Helse, sjukeheimteneste, heimeteneste, PPT, NAV, ATS, Økonomi (inkl. skatt). |